Realistiske råd for ansvarlege eigarar
Straumen går. Stormen kjem inn frå havet. Ferga vert innstilt. Det har vore ei ulukke. Du kjem deg ikkje heim eller må i verste fall evakuere.
Kvar er hunden? Kven passar katten? Har du nok fôr? Kan du ta med dei?
Kjæledyr er ein del av familien og det er naturleg å vere bekymra for dei når kriser trugar. Du har ansvar for å ha ein plan som held dyra dine friske og trygge i minst 7 dagar, utan å gå på kompromiss med di eiga og familien si sikkerheit. DSB understrekar at du må sørge for at dyra er sikra under evakuering og ha avtalar med andre som kan hjelpe.
På Facebook og i ulike forum ser eg dei same spørsmåla gå att.
- Kan eg ta med hunden inn i tilfluktsrom?
Svaret er nei for vanlege kjæledyr. Dyr er ikkje tillatne i tilfluktsrom. Unntak for servicehundar og førarhundar (sjekk med DSB/Sivilforsvaret). Grunnen er plassmangel, hygiene, allergiar og panikkreaksjonar. Du må ha ein plan B.
- Kva om eg ikkje kan kome heim til katten?
Avtal med ein nabo eller familiemedlem på førehand. Skriv det ned. Gje dei nøkkel.
- Kor mykje mat treng ein hund i ei veke? Ha nok tørrfôr og vatn til minst 7 dagar, tilpassa dyret ditt. DSB anbefaler å ha nok til krisa, men konkrete mengder varierer med vekt, rase og aktivitet. Bruk ein tommelfingerregel på 50 ml vatn per kg kroppsvekt per dag for hundar, og test kva dyret ditt brukar til dagleg.
- Velge dyr eller menneske?
Prioriter menneske først. Alltid. Men planlegg så dyra ikkje blir etterlatne. Det er lett å tenke at menneske er fornuftig nok til å redde seg, men alle kan verte råka av panikkangst og verte handlingslamma.
Start med å sette saman ein beredskapspakke for kjæledyret ditt
DSB anbefaler ein dedikert kjæledyr-nødpakke/beredskapsbag som står klar. Den skal vere lett å pakke i bilen eller bære med deg.
Døme på innhald for 7 dagar:
Mat og vatn. Tørrfôr i lufttett boks, nok til sju dagar. Vatn nok til minst ei veke, tilpassa dyret (ca. 50 ml per kg kroppsvekt per dag for hundar). Fyll opp i bilen når du evakuerer.
Medisin og helsepapir. Dobbeltdose av reseptmedisin. Kopi av vaksinasjonskort. Desinfeksjon. Pinsett for flått. Veterinær sitt telefonnummer på papir. Posar for avfall. Eingongshanskar.
Transport. Bur eller bærpose, godkjent og ventilert. Sele eller band med ID-merke. Namn og telefonnummer skrive på.
Ekstra. Sandkasse for katt. Kjent leike eller dekke som luktar heime. Posar for avfall. Eingongshanskar.
Oppbevar alt i ein vasstett pose nær utgangen. Test det ein gong i kvartalet. Ta ut posen, sjekk at alt er der, legg det tilbake. Dersom du ikkje vil ha alt ferdig pakka, prøv å samle alt utstyret i eit rom eller ein bestemt stad, slik at det er lett å samle saman i løpet av kort tid. Ei enkel sjekkliste garanterer at du får med deg alt som trengs. Men hugs, verdifull tid går med til pakkinga.
Evakueringsplan
Det er fort mykje praktisk som skal vere på plass. Lag difor ein enkel beredskaps-/evakueringsplan allereie no, slik at alle kan gjere seg kjend med den.
Kva bør stå i ein slik plan?
Møtestad. Kvar hentar du dyret om du ikkje er heime? Ved postkassa? I bilen? Hos naboen? Skriv det ned.
Transport.S Korleis får du dyret trygt i bil? Bur i bagasjerom. Sele på. Aldri laus i bilen. Finn dyrevenleg hotell eller nabo på førehand. Sikre alltid dyr under køyring.
Backup-person. Avtal ein dyrevenn. Ein nabo eller familiemedlem som tek ansvar om du ikkje kan. Gje dei nøkkel. Vis dei kvar fôret står. Vis dei kvar dyret søv.
Tilfluktsrom. Dyr er ikkje tillatne i tilfluktsrom. Unntak for servicehundar og førarhundar (sjekk med DSB/Sivilforsvaret). Prioriter menneske. Men ha plan B. Garasje. Bil. Avtal om kjæledyret kan vere hjå nabo til du og familien er attende.
Praktiske tips for ulike dyr
Hund. Nok tørrfôr til 7 dagar. Vatn nok til ei veke (ca. 50 ml per kg per dag). Bur som er stor nok til at hunden kan stå og snu seg. Kjent dekke eller leike mot stress. Om du evakuerer i bil, køyr med vindauga på gløtt for sirkulasjon.
Katt. Nok fôr til 7 dagar. Vatn nok til ei veke. Bærpose som er godkjent for transport. Sandkasse. Viktigaste er rutine. Same tid for mat, same stad for søvn.
Kanin, hamster, mus osv. Nok høy, pellets eller frø til 7 dagar. Vatn nok til ei veke. Oppvarma bur om straumen går. Bruk varmeflasker. Dekk bur med teppe mot lyd om det er kaos rundt.
Fugl. Nok frø eller fôr til 7 dagar. Vatn nok til ei veke. Bur med dekke over for å dempe lyd. Roleg plass, unngå trekk.
Akvariefisk. Ved langvarig straumbrot misser akvarium både filtrering og oppvarming. Batteridrive luftpumpe kan halde fisken i live i fleire dagar. Forautomat med batteri sikrar fôring om du ikkje er heime. Ved evakuering er det vanskeleg å ta med akvarium. Avtal med nabo som kan gje fôr og sjekke temperatur så sant det er mogeleg.
Ansvarleg prioritering
Di sikkerheit kjem først, så dyra. Ein god plan reduserer stress for både deg og dyret. Diskuter med familien: Kva gjer vi om vi må evakuere no? Øv ein gong i året.
Du bruke naborutinar. Snakk med naboen. Avtal at de ser til kvarandre sine dyr ved krise. Skriv det ned. Gje kvarandre nøkkel.
Last ned DSB sin sjekkliste for kjæledyr. Pakk ein beredskapsbag. Avtal ein dyrevenn. Test planen.
Tips: Dyrebeskyttelsen sin nødpakke, som inneheld nødhjelpskort og nøkkelring med teksten “Eg har dyr som er åleine heime”. Praktisk dersom ein ikkje kjem seg heim i tide eller vert akutt sjuk, for å varsle om at man har dyr heime. På kortet kan ein fylle ut informasjon om kva slags dyr ein har og kven ein skal kontakte om noko skjer med deg. Kortet oppbevarer du i lommebok eller i korthaldar på mobilen.
Pakken inneheld og eit brannklistremerke, som informerer brannmenn og anna redningspersonell om at det finnast dyr i husstanden dersom ein farleg situasjon oppstår. Klistremerket skal festast til ytterdør/vindauge der ein fyller ut informasjon om tal og type dyr som bor i bustaden.
https://www.dyrebeskyttelsen.no/produkt/nodpakke
Det er ikkje mogeleg å ta høgde for alle typar dyr i ein enkel artikkel, så bruk sunn fornuft når du lagar din eigen beredskapsplan for kjæledyret/-dyra dine. Lukka til.
Her har du ein mal for ein beredskapsplan for kjæledyr som du kan tilpasse etter behov:

Beredskapskoordinator, HR-sjef og tech-entreprenør.
