Vi i Askvoll veit kva det vil seia å vera ute på fjorden eller på fjellet. Vêret skiftar fort, fjordane er djupe, og hjelpa kan vera langt unna. App-ar kan gjere den avgjerande skilnaden, med di nøyaktige lokalisering på kart, sender posisjonen din til redningstenesta, og hjelper deg å finna den nærmaste båten eller personen som kan stille raskt opp for å hjelpe deg i nød. Her er ein gjennomgang av nokre av dei mange appane, for både båtfolk og turgåarar. Nokre er gratis, andre har betalte tenester/abonnement. FOR DEG SOM ER UTE PÅ SJØEN 1. RS SafeTrx – Redningsselskapet sin eigen app Dette er den aller viktigaste appen for alle som ferdast på sjøen langs kysten av Vestland. RS…
